Du er her: Fyksesund : Fakta
Hopp til menyen
Avansert

Fyksesund landskapspark

Liv Lyngstad, styreleiar
liv.lyngstad@online.no, tel.: 98245840
Hans Jørgen Andersen, prosjektleiar
hj-ander@online.no, tel.: 95090193
Arne Fykse, styremedlem
gamlastovo@online.no, tel.: 97168511
           
Fyksesund Landskapspark ligg langs Rv. 7 ca 1,5 timer aust frå Bergen, midt mellom Øystese og Ålvik i Kvam herad. På austsida av Fyksesundet ligg bygdene Steinstø, Fykse, Klyve og Bjørke. På vestsida ligg Porsmyr og regionen grenser til Rykkje og Soldal. Botnen som ligger innerst i Fyksesundet er veglaus og bare tilgjengelig med båten.
 
Skulekrinsen Fykse, som inkluderer Fykse, Bjørke, Steinstø og Klyve har hatt eit relativt stabilt innbyggjartal på 220 – 250 dei siste 20 – 30 åra. I Botnen har det i periodar ikkje vore fastbuande. Tålet på aktive brukarar som søkjer produksjonstilskot er nå om lag 15. I tillegg er det fleire mindre bruk som er i aktiv drift.
 
Næringsaktørar
Alle bøndene i Fyksegrenda driv med sau, noko som landskapet ber preg av. Tre gardar driv med frukt. Elles er det eit variert næringsliv i Fyksesundet. Det finnas restaurant, kafé, pølsemakarverkstad, fiskeoppdrett, blåskjeloppdrett, cruisebåt, gartneri, kraftverk, byggmeister og import og sal av barnetøy.
 
Arne Fykse - Photo: Arne FykseGardsrestaurant Gamlastovo og pølsemakarverkstad Fykse 70/6
Gamlastovo Gardsrestaurant er ei koseleg tømmerstove frå 1810 og ein av dei mest særmerkte og autentiske gardsrestaurantane i Hardanger. Restauranten tilbyr ei lokal matoppleving og harlokale for kurs og konferanse. Antal sitjeplassar totalt 130 – fordelt på 3 lokale.
Garden har nyetablert kjøtforedlingsverkstad med namnet "Fykse 70/6" som tilbyr kjøtvarer av ulikt slag og spesialitetar av kalv og lam for sal direkte frå garden.
 
Steinstø Fruktgard og Kakebu
Garden er eit familiebruk som ligger like ved Rv 7. Steinstø fruktgarden har lange tradisjonar med fruktdyrking. Det vert produsera eit stort utval av frukt og bær, som vert selt direkte til forbrukar. Det finnas muligheit for omvisning i frukthaugen og i kafeen ble servert heimelaga kake.
 
Hardanger Fjordreiser AS
Hardanger Fjordreiser AS organiserer fjordturar innover Fyksesundet til den veglause grenda Botnen kor ein kan nyta synet av det rike kulturlandskap. Passasjerbåten ”Peer Gynt” har base ved kaien i Steinstø like ved Rv. 7. Det kan organiserast servering av mat og drikke om bord.
 
Botnen Gjestetun
Garden ligg i den vesle grenda Botnen, inst i Fyksesundet. Garden er i drift store deler av året, med husdyrhald, servering og overnatting. I stabburet på garden vert det servert heimelaga mat. På middagsmenyen står mellom anna hjort, lam, fjellaure og skotsk høglandsfe, som har beita i stølheimen heile sommaren.
 
Gryto Kraft
Gryto Kraft er eit nyt lokalt småkraftverk som starta opp turbinen i august 2006.
 
Krabaten
Nettbutikken Krabaten driv med import og sal av barnetøy, tøybleier og ullklede.
 
Kulturminne og landskapsverdiar
Det største skredet etter istida gjekk på austsida av Fyksesundet. Ved gardsvegen som går gjennom tunet på Fyksegardane til Klyve, ligg kjempestore steinblokker strøydde ikring
og hele området ligger i dag på eit stort urkompleks.
Urkomplekset er mest truleg danna av at vatn har vaska ut ein marmorgang som er mellom åtti og hundre meter brei og 2,5 kilometer lang. Området er kjent for svært mange og store urahol. Fleire av holene her er tilmura og har tidlegare vore nytta som koldeholer for matvarer.
Ei av desse holene utmerkar seg som eit underleg naturfenomen og er truleg ein gamle kultplass. Fjellhola heiter Døse og kan har brukt til seremonielle samlingar og solobservasjonar. Området oppå og rundt Døse har i dag fleire intakte steinkretsar og velta bautasteinar.
I dag vert hola nytta som attraksjon og som konsertlokale og det finnast skilta tursti frå garden Storastova i Nordetun på Fykse.
 
Ein annen kulturminne er Hardingfela som har ein heilt sentral posisjon i Fyksesundet. Den som utvikla instrumentet, og som gav opphav til namnet Hardingfele heitte Isak Nilsen Skaar f.1663, og kom frå garden Skåro 300 m.o.h inst i Fyksesundet. Sonen, som skreiv seg for Trond Isaksen Flatabø f.1773 førde instrumentmakartradisjonen vidare. Begge vart rekna for dei største felemakarane i landet i si tid.
 
I dag er Fyksesund brua eit landemerke i Fykesundet. Då den vart
(12.11.2006 Oppdatert: 22.10.2009)
Hopp til menyen Hopp til innhold