Landskapspark.no
Du er her: Fakta
Hopp til menyen
Avansert

Landskapsparken i Rådøy

Landskapsparken i Radøy ligg om lag 40 minutter å køyre frå Bergen. Det er mogeleg å reise til området også med buss. Båtfolket kan fortøye i Sæbøvågen.
I landskapsparken kan du oppleve småskala landbruk i eit idyllisk område som fekk kulturlandskapsprisen i 2003. For det meste er det sau som beiter områdene, men også storfe. Gardane er små, tradisjonelle vestlandsgardar. Vanleg storleik på drifta i byrjinga av 1900-talet var 3 kyr, 1 ungfe og 7 smale. Sjølv om gardane som er i drift har blitt litt større, er det framleis småbruk. Med små gardar, har det vore vanleg med arbeidd utanom garden, som også er situasjonen i dag. Foreløpig er ikkje området oppdaga av turismen. Dette gjer at området er autentisk, og eit funn for den uavhengige reisande.
 
Sæbø landskap - Photo: øyvind ThømtI utkanten av området ligg Tjorehagen. Dette er eit hageanlegg som mange har stor glede av å vitja. For mange er starten på sommaren ein tur til Tjorehagen for å sjå på bløminga til dei meir enn 300 sortane med rododendrohn. Ein kan lese meir om Tjorehagen på www.tjorehagen.no. Dersom ein ikkje vel å ta med mat sjølve, er det mogleg å kjøpe noe å eta her. Tjorehagen vert drevet av ein stifting. Det er mogleg å vitja parken, og gå til fots til Tjore Gardsmat. Tjore gardsmat foredlar lokale landbruksprodukt. Om ein ikkje ynskjer å kjøpe eit mål mat, eller delikatesser med seg heim, er tunet verdt eit å vitja i seg sjølv.
 
 
For dei spreke kan eit godt alternativ til å oppleve landskapsområdet å parkere ved Tjorehagen, og sykla rundt i området. Ein rundtur rundt området på sykkel gir deg moglegheten til å reise sakte, stoppe og sjå, og ikkje minst lukta området. Ein rundtur vil ta om lag 4 timar, og er vel eigna for barnefamiliar. Sykkelturen vil gå på stille einvegs vegar, og gir den beste opplevinga av kulturlandskapet i Nordhordland.
 
For dei som er interessert i kystkultur, er ein tur ned i Sæbøvågen eit høgdepunkt på ei vitjing i området. I vågen er det eit idyllisk naustmiljø. Vågen har ein skitkai, kor skit vart frakta i båtar og brukt som gjødsle i området. Vågen har også hatt eit verft. Nyleg er eit kvernhus restaurert i vågen. På varme sommardagar er det eit folkeliv i vågen, kor mange bruker området som ein badeplass.
 
I utkanten av området ligg Bøketunet, som tilbyr alternativ medisin og kosthaldsråd. Kva Bøketunet holder på med, kan ein lese meir om på deira nettsida www.boketunet.com.
(19.03.2007 Oppdatert: 28.02.2008)
Hopp til menyen Hopp til innhold