Dirk Kohlmann Tvedt frå Fylkesmannen si Landbruksavdeling
informerte møtelyden om kva som var intensjonane med prosjektet.
Hytteeigarlaget i Voss Fjellandsby var utfordra på kva dei ynskjer av
aktivitetar knytt opp mot kulturlandskapet og naturen i Myrkdalen,
leiar Stig Frøysland møtte for hytteeigarane. Frå Hytteeigarlaget
si side vart det uttrykt ynskje om å kunne bevare dalens særpreg og
karakter samstundes som naturen og kulturlandskapet vart nytta til
ei positiv utvikling for området. Dei syns og det var viktig å
samarbeida med bygdafolket og var gjerne med vidare i prosessen. Av nye
tiltak dei ynskte seg var:
-
Gardsbutikk
-
Stølskaféar med overnatting
-
Tilrettelagte opplevingsturar (heile året)
-
Gardsopplevingar for små og store
-
Merka turløyper/turkart/skildring av kulturminne
-
Tilrettelagt jakt og fiske
-
Juletrehogst
Etter dette heldt Ottar Mørkve eit engasjerande innlegg om kva
potensiale Myrkdalen har i å utvikle næring knytt til naturen og
kulturlandskapet. Han stilte seg og positiv til å vera med oss vidare i
prosessen.
Det kom mange innspel frå salen og det var tydeleg at folk vart
positivt engasjerte.