Dette er din sjanse til å bli med på ein lærerik og innhaldsrik reise til
Sverige. Vi skal besøke små og større verksemder som fokuserer på
reiselivsmarknaden og samarbeid á la landskapspark.
Besøksmåla er valt ut etter læringskurvenivå, nokre har kome langt medan
andre er i eit tidlegare stadium av utviklinga. Hovudfokuset vert på
produksjon og pakking av opplevingar, landbruksturisme, matopplevingar,
forteljing, guiding, synleggjering, sal og booking.
Programmet for turen er godt lagt til rette for mest mogleg læring på ein
behageleg måte i eit vakkert svensk landskap. Den siste dagen vert ein heil
fridag i Stockholm. Fritt fram for dei som ynskjer å fortsette helga i
Stockholm etter turen vår!
Turen er spesiallaga for aktørar i landskapsparkane, men programmet er
relevant for mange fleire i andre områder i Noreg som jobbar med liknande
satsingar. Invitasjonen går og til Valdres natur- og kulturpark, Aurland
verdsarvpark og dei andre parknettverksaktørane. Deltakarar utanom
landskapsparkane må betale turen sjølv. (ca.8000,- inkl. flybillett frå
Bergen)
Vi ber om bindande påmelding innan 19.juni. Obs, kort frist! Nytt
påmeldingsskjema under. Vi treng namn på deltakarane (ikkje berre tal
deltakarar pr park) slik at vi kan tinga flybillettar. Vi set ei grense på
maks 30 deltakarar.
Programmet vedlagt. Eigendel på kr 3000,- som kan støttast av
landskapsparken.
Ved spørsmål tek kontakt med Egil Ørjan Thorsen,
macthorsen@gmail.com eller meg.