Den 19.juni vert det offisiell opning av turistsesongen i
Herand med stor ståhei og mykje aktivitet. Fylkesmann Lars Sponheim står
for "snorklippinga" på kulturhistorisk senter kl.11.
Program for dagen
11.00 Herand skule
-
Sesong opning v/ fylkesmann Lars Sponheim
-
Kulturelle innslag av lokale aktørar
-
Utstillinga opnar etter innslaga
-
Sal av matpakka ”Smak av Herand” kr 75,-
12.30 Husflidskrokjen
-
Offisiell opning av den nye butikken som sel lokalprodusert handverk.
12.40 – 14.40 ope med omvisarar
-
Tveiti Oppgangssag
-
Båtmuséet
-
Helleristningane
-
Kvernhuset
-
Tunet på Tveita
13.00 – (og eventuelt fleire turar ved interesse)
-
Båttur til Marine Harvest sitt sjøanlegg.
Elles:
Baggateigen husmannsplass er open.
Den gamle krambua i Vik er open og har sal av lokalprodusert
mat.
Kiosken på kaien er open
Meieriet I gamle meieriet sel dei middag frå klokka 14.00
16.00 Herand skule- gymsalen
-
Knut Andreas Bergsvik, arkeologen som var leiar for utgravingane ved
kulturstien, held føredraget: ”Herandshellerane i eldre steinalder,
buplassar eller rituelle stader?”
De er óg hjarteleg velkomne til å gå ein av dei mange flotte turstiane
våre!
Billett: Vaksne kr 100,- 6-16 år kr 50,- born under
skulealder gratis