Landskapspark.no
Du er her: Hovedside
Hopp til menyen
Avansert

Kva farge bør fjordane ha?

Ulvikfjord med cruise Bob - Foto: Caroline Lehmann
Workshop Colours of the Fjords er i gang. På måndag kjem 20 kunstnarar, designarar, arkitektar og fotografar frå ”heile” verda til Ulvik og Stalheim for å finne svar på dette spørsmålet.
I samarbeid med Kunsthøgskolen i Bergen inviterer  Fylkesmannen og landskapsparkane til workshop i Ulvik og på Stalheim 21. - 25.juni. Temaet er kva  førsteinntrykk gjestene våre får av landskap og bygningar når dei kjem til bygdene. 

Bygningane er ikkje alltid like vakre, og dei er gjerne prega av tidlegare oppfatningar av funksjonsretta utforming. Landskapet er mange stader attgrodd og ustelt, spesielt langs vegen. Det turistane ser gjennom bilruta, avgjer om dei skal stoppe eller ikkje. Dei har si eiga eigen forståing av kor attraktiv staden er. 

Korleis kan vi påverke dette avgjerande førsteinntrykket? Ulvik og Stalheim landskapspark inviterer difor til workshop der deltakarane frå mange land skal få innsikt i korleis bygdene er utforma og ber dei om å fortelje oss om inntrykka  sine. Dei skal òg dokumentere og føreslå endringar som kan gjere bygdene meir attraktive i reiselivsamanheng. Colours of the Fjords, sett gjennom brillene til dei som kjem på besøk.

Prosjektresultata skal visast på ei utstilling slik at innbyggjarar og turistar kan få  innblikk i tankane til  kunstnarane og kanskje sjølve få lyst til å bidra i diskusjonen om korleis bygda syner seg fram for dei som kjem tilreisande.

Les meir om programmet for workshopen, Colours of the Fjords og landskapsparkane under www.coloursofthefjords.com

(18.06.2010)

Kontaktpersonar
Hopp til menyen Hopp til innhold