Landskapspark.no
Du er her: Hovedside
Hopp til menyen
Avansert

Pakketurar i Fyksesund

Kajakkpadling i Fyksesund - Foto: Fyksesund landskapspark
Fyksesund Landskapspark lanserer ein bukett kulinarisk-kulturelle opplevings-turar i det fengslande fyksesunds-landskapet. Eit spennande tilbod både for tilreisande og lokalfolk.

Fyksesund i Hardanger har ei mengd gode ting å by på. Tre serveringsstader som alle byr på tradisjonsmat med lokale råvarer, båttur til den veglause grenda Botnen, fjellklatring, kajakkutleige, trivelege turstiar, landets første visningssenter for oppdrettslaks, eit eige gullfiskvatn der ein kan symja blant dei sosiale gullfiskane. Alt dette kan ein oppleva stykkevis og delt – men no også i pakkeform. Alle turane startar ni om morgonen i Gamlastovo gardsrestaurant på Fykse, med grom, tradisjonell frukost, smaksprøvar frå pølseriet, og informasjon om dagens opplegg. Vidare har ein tre opplegg å velja mellom:

”Opptur”
Halvdagstur som varer frå 9 til 14. Etter frukost tek ein lokal guide oss gjennom det flotte kulturlandskapet me kan sjå på alle kantar, og fortel historier frå både gammal og ny tid. Etter ein halvtimes tur oppover, er me framme på toppen: Bjørke, med ei formidabel utsikt både inn- og utover Hardangerfjorden. Frå Bjørke går me inn i skogen, ned lia og gjennom frukthagen til Steinstø Fruktgard.

Me fortset til kaien i Steinstø, der ein hurtiggåande ribb/båt tek oss med ut til Hardanger Akvasenter sitt flytande anlegg midt i Fyksesundet. Her får me sjå fiskane på nært hald, me kan mata dei og gjerne ta ein kikk i undervasskamera der me ser korleis fiskane har det nede i merdane. Me får også informasjon om lakseoppdrett generelt.

Vidare vert me frakta til kaien på Steinstø att, og ruslar gjennom frukthagen opp til gardsrestauranten ”Kjedlaren” på Steinstø Fruktgard. Her vert det servert herleg lunsj med ein smak av Hardanger! Etter lunsj får me omvising i frukthagen, som vert avslutta i garden sitt utsal: Steinstø Frukt- og Kakebu. Her er det høve til å handla bær og frukt, syltetøy, kaker og lefser – alt produsert på garden. Her finst også gardsmatprodukt frå andre lokale leverandørar. Herfrå er det transport tilbake til startpunktet på Fykse.

”Nedtur”
kajakk i FyksesundHalvdagstur som varer frå 9 til 14. Etter frukost tek ein lokal guide oss med nedover stien til sjøen. På kaien ligg kajakkar og båtar og ventar, og me padlar/ror utover mot Steinstø. Her tilpassar me farkost og opplegg etter kven som er med, både når det gjeld alder og erfaring med sjøen. Me passerer under Fyksesund Bru og fortset vidare til Gygra-ræve. Naturfenomenet som ber dette saftige namnet er eit stort hol i fjellsida som ein ser best frå sjøen. Det knyter seg ei gamal segn til denne hola, som guiden vil fortelja om. Etter ein runde rundt yndige Rossholm, legg båtane til ved Hardanger Akvasenter. Vidare er opplegget likt som på ”Opptur”.

”Inn- og uttur”
Heildagstur som varer frå 9 til 17.15. Etter frukost i Gamlstovo på Fykse vert deltakarane køyrde innover Fyksesundet til Klyve, der kajakkar og båtar ligg og ventar. Frå Klyve padlar/ror deltakarane på eiga hand inn til Botnen, inst i Fyksesundet. Turen inn kan ta pusten frå nokon og einkvar. Høge, bratte fjell på begge sider, og fossar som kastar seg nedetter fjella.

Vel framme på Botnen, er det ein fin, liten gåtur til Botnen Gjestetun. Her ventar Marit med middag: varm buffé med lokale råvarer og heimelaga dessertar og kaffi. Etter middag går turen tilbake til Steinstø passasjerbåten ”M/S Peer Gynt”, og herfrå er det transport tilbake til startpunktet på Fykse.

Testa og godkjent
Alternativ 2, ”Nedtur”, vart nyleg testa på eit knippe inviterte gjester. Og, som det heiter: Alle var samde om at det hadde vore ein fin tur. Her er det altså berre å hengja seg på. Halvdagsturane går torsdagar frå 24. juni til 29. juli, og heildagsturane sundagar frå 27. juni til 25. juli.
Meir informasjon finst på www.fyksesund.no.
Møt opp, og me tek deg med på tur gjennom eineståande kulturlandskap, der du får fine opplevingar av både natur, kultur og mat.
Booking innan kl. 12 dagen før til tlf 95 09 01 93 eller post@fyksesund.no

Landskapsparkar i Hordaland er eit prosjekt i regi av Fylkesmannen i Hordaland og i samarbeid med Innovasjon Norge og Hordaland Fylkeskommune.

(23.06.2010)

Relaterte dokument
Hopp til menyen Hopp til innhold