Landskapspark.no
Du er her: Hovedside
Hopp til menyen
Avansert

Vil du være med og formidla dei gode opplevingane?

Guidekurs 2008 Fyksesund 2
Går du rundt med ein skodespelar i deg, likar du og opptre, eller kunne du tenkja deg å fortelja dei gode historiane? Me i Stalheim Oppleving treng guider til våre aktivitetar og opplevelsar i sommar.
Me ynskjer å satsa på og bruke dei ressursane som finst i nærmiljøet. Derfor søkjer me deg som ynskjer å ta del i vår utvikling!

Me kan tilby ei spennande erfaring, med moglegheit for å koma i kontakt med mange menneske. Du får moglegheit til å forme din eigen arbeidsdag i eit spennande selskap med positive verdiar. Me søkjer personar som er positive, utadvendte og som ynskjer å by på seg sjølv. Om du kan historiar og kjenner nærmiljøet er det eit pluss, men ikkje eit krav. I tillegg til norsk er det ein fordel om du snakkar eit eller fleire språk. Alle mellom 18 og 100 er velkomne som guider hjå oss. Konkurransedyktig løn.

Det vil verta arrangert naturlos kurs i regi av Stalheim Oppleving for dei som melder seg på. Der vil du læra guide teknikk, formidling, gruppe handtering og mykje meir.

I sommar vil det verta sett opp faste turar med traktorsafari og kløvhest. Ein skriv seg opp på dei turane ein ynskjer å være guide på. Me vil i tillegg tilby turar som vert skreddarsydd for grupper, så det vil være mogleg for dei som ynskjer det og guide meir.
Nærmare info om dette vil koma.

For spørsmål og påmelding ta kontakt med Stalheim Oppleving sitt kontor i Haugsvik ved Jokeren, eller kontakt prosjektleiar Synnøve på tlf 92656896 e mail synne21@hotmail.com
(07.07.2010)

Hopp til menyen Hopp til innhold