På folkemøtet 8. april 2010 blei det bestemt at det skal etablerast ein
landskapspark i Sveio. Parken blei endeleg etablert med eigne vedtekter på
årsmøtet 27mai.
Målet er å samarbeida om å nytta lokal kultur og tradisjonar i utviklinga
av reiseliv og anna næringsliv i området, samstundes som ein tek vare på
kvalitetane i landskapet. Landskapsparken har konkrete mål om å skapa nye
arbeidsplassar, og å styrka eksisterande næringar. Dette gjeld ikkje minst
det tradisjonelle landbruket, som har lagt grunnlaget for det landskapet me
kjenner i dag.
Namnet ”Kystlandskapsparken i Sveio” er vald fordi det seier noko om kva me
vil profilera oss med (kystlandskapet), og fordi det er fleksibelt med
tanke på det geografiske området parken skal dekkja.
(28.05.2010)